I går hadde eg min første dag i permisjon, uten jentene heima. Tidlig opp for å få eldstejenta med på Maxi taxien.
Yngstemann var i barnehagen og eldstejenta begynte i 2. klasse. Ho var veldig spent.
Eg fekk inntrykk av at ho hadde hatt det bra, når eg spurte hu korleis ho hadde hatt det, og ho svara med ett ord: GØY og eit stort smil. Det varma mamma hjerta:-)
Eg fekk gått meg ein liten tur, som eg brukte 45 min på. Etter fleire mnd utan særlig fysisk aktivitet var det godt å bevega seg i ulendt terreng igjen. Eg merka det på kvelden då, at eg hadde vore i meir bevegelse enn på ei stund. Men då kunne eg faktisk setje meg med beina høgt å slappe av, for mannen kom inn akkurat når eg trengte hjelp med legging av eldstejenta.
Etter at eg hadde gått tur, kjørte eg til Ølen for å handle, og der møtte eg SOLA. Det var eit vakkert skue. Eg tok meg ein tur innom jobben for å hente slippersane mine, og prate med dei vaksne i pausen.
Vel heime med begge jentene laga eg pastasalat til oss og gutta som forhausta. Ettermiddagen gjekk med til å ordne vogna klar til babyen, sitte litt i sola, og vera med minstejenta. Eldstejenta blei med i traktoren.
Ein lang og gode dag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar