torsdag 1. desember 2016

året som har vore

Kjære alle sammen!

Eg har satt på julemusikk og tent lys for å komme i riktig stemning. Ute er det 6 grader og mykje regn. Det kom ei bølga frå bilen når me kjørte til barnehagen i dag, sa Miriam. Men uansett kor mykje det regner så nermer jula seg med stormskritt. Når eg ser tilbake på året som har vore, har det skjedd både små og store ting i familien vår.
I desember i fjor fekk eg og Kjetil bekrefta at me kom til å bli ein til i familien det neste året. Miriam og Kristine trudde ikkje heilt på oss då me fortalte det i februar. Dei vart veldig glad då, og klarte faktisk å holde det hemmelig i 2 veker. Då fekk dei fortelje det til vennene sine. Forventa termin dato vart satt til 30. august.

Kjetil:
Er fortsatt stolt bonde og har vore opptatt med lamming, slått, kalving, foring, melking, inseminering, ein vær som skal få seg ein runde og fleire med sauene og kontorarbeid med søknader m.m. Eg blir stading imponert over alt han må kunne for å drive garden vår. Eg synes han gjere ein strålande jobb. I vinter gjorde han også ferdig fleire rom i kjellaren. Så nå har begge dei store jentene fått soverom der, i tillegg til ei bod og ein garderobe med plass til regnkler og dressar til alle.

Synnøve:
Har vore i litt redusert jobb gjennom året, då det vart litt sjukemeldingar grunna bihulebetennelse store deler av graviditeten. Me har planlagt godt, så eg fekk sommarferie og permisjon rett etterpå. Elise vart født 30. august kl.18:24. Ho var 3590 g og 49 cm, heilt perfekt! Eg trives veldig godt i mors permisjon. Nå er me velsigna me ei tilfreds og fornøyd jente til, som utvikler seg som ho skal.

Miriam
Miriam lærte seg å gå på ski i januar, og synes det er kjempe kjekt. Ho kosa seg i februar når me feira mamma sin 60 års dag ( og min 31 års dag) på Vrådal hotell saman med mine to søsken og deira familiar. Då fekk ho virkelig øvd seg på å gå fiskebein opp ein lang bakke. 7. mars i år vart miriam feira med barneselskap som seg hør og bør når ein vart 4 år.
Ho har god hugs denne jenta her. Sist søndag gjekk me forbi skakkesenteret då ho utbrøyt: « Mamma, her stod du å såg på meg å ropa Hurra, ikkje sant?» Då refererte ho til 17.mai, då eg for fyrste gong stod på sidelinja å såg på 17. mai-toget. Ellers er ho er trivelige og sosial jente, som aller helst vil ha ei av venninene sine med seg heim frå bhg kvar dag. Dei er ein fin gjeng, 4 åringane i Rygg barnehage. Ho har også fått 4 års bok i kyrkja og har vore med på 3 samlinger for 4 åringer i vekene etterpå. 4 desember er ho spesielt invitert til familie gudsteneste der ho skal få diplom for frammøte på samlingane. Etter gudstenesta skal det vera kyrkjekaffi, med pølse i brød til barna og juleverkstad på bedehuset.

Kristine
Vart 7 år 25. juni og fekk seg høg seng og skrivebord til bursdagen sin. I haust starta ho på Turn Dans- koreografi som måtte lærast før det store juleshowet 27. november. Ho og dei andre jentene på dans gjorde ein flott innsats med 3 dansar dei viste fram til alle frammøtte. Det var over 500 personar som såg på. Så eg var temmelig stolt over ho då altså. Ho går også på Pre-Soul Children kor, og skal vera med å synge solo på julekonserten 13. desember. Ho gler seg og er veldig spent på det. Ellers så går hu nå i 2B på Enge skule og trives veldig bra der. Er stort sett ein reser på leksene, i alle fall så lenge motivasjonen er til stede.

Elise
I går vart ho 3 mnd. Ho søker mykje kontakt, smiler, babler og er tilfreds. Miriam er den som får ho til å le J 13. november hadde me barnedåp for Elise og Miriam fekk sin 4 års bok i kyrkja. Ein flotte dag som me fekk feira med heile storfamilien på Grønstad. Veldig kjektJ
Det er altså tre sosiale jenter me har fått oss. Mor og far i huset kan skrive under på at her bor det til tider slitne og lykkelige foreldre, men alltid lykkelige barn.

Bilde av julekrybben vår som går under navnet Betlehem. Bildet er tatt før Miriam kom med dyrene sine som også måtte få bu i stallen.


Jesaja 9,6:
For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet er lagt på hans skulder.

Han har fått namnet Underfull rådgjevar, Veldig Gud, Evig far, Fredsfyrste.