onsdag 23. desember 2015

Nå er det dagen før dagen, sjølvaste Julafta. Her i heimen skal me feira Jesus sin fødselsdag med god mat, fellesskap med familie, gaver til kvarandre, julegudsteneste og juletregang. Kanskje kommer nissen...Eg har ikkje så mange nisser i samlingen min. Det er masse engler derimot. For som eg sa til min kjære mann ein dag: " Eg trur jo ikkje på nissen." Då fortalte han meg historien bak opprinnelsen til Sankt Nikolas. Han var ein mann som gjekk i kloster og var ekstra gavmild. Derav nissen og gaver... Desember er ei tid der alt blir satt under forstørrelsesglass sa ei av damene i bibelgruppa ein dag. Det stemmer nok. Alle som har det flott og bra, har det veldig bra. Dei som har det tungt og dumt, har det kanskje enda verre i denne tida. Me får alle huske på kvarandre, og gi eit ekstra smil og be ei ekstra bønn for alle dei som strevar og har tungt å bære. Så får me alle takke Gud for den største gava av alle- Jesus som vart født til vår jord.